Fekjastølvegen er registrert i Brønnøysund som sameige, med org nr. 995 327 260

Fekjastølvegen går frå krysset ved Arnegard til vegkryss ovanfor Fekjastølvollane.

Veglaget er eit eigarlag, og har delt ansvar i samsvar med andelen i laget.

Veglaget har til formål å halde vedlike og sørge for tilstrekkeleg vegstandard, om nødvendig,

ved opprusting/omlegging. Vegen skal på ein tidsmessig måte tene jord-, skog-, støls-, utmarks-, og hytteinteressene innanfor dekningsområdet.

Ved framtidige utbetringar av vegen skal vegeigarane vederlagsfritt stille grunn til disposisjon til veg, grøfter og møteplassar. Ved større omleggingar må grunneigarar godkjenne arbeidet på førehand.

Medlemskap fylgjer eigedom. Dersom ein eigedom blir delt, og den frådelte parsellen er landbrukseigedom som soknar til vegen, har denne rett til å bli med i veglaget. Vegretten kan nyttast av eigaren og hans husstand. Vegeigarane har andelar i vegen etter fastsette forholdstal.

Grunneigarane har plikt til å melde i frå til vegstyret om sal/bortfesting av tomter. For nye hytter, seld av grunneigar utan vegrett, skal det betalast byggeavgift etter satsar som årsmøtet bestemmer. Brukarane må rette seg etter vegstyret sitt vedtak om bruken av vegen.

Vegen har aldri betalt utbytte til dei som er grunneigar langs vegen.

Styreverv går på omgang blant grunneigarane.

Treng vegen ekstra kapital, er det grunneigarane som betalar dette.

Litt informasjon om Fekjastølvegen